2. des. 2022

Thirsk








Roleg dag på jobb. Vêret var kanonbra ute, dimed ikkje så fullt så mange inne. Ein ordentleg fredag med andre ord. Her heime er det adventsstjerne, stearinlys og julemusikk, førjulskos de luxe. Kan ikkje påstå at desse bileta roper jul, men det skal dei ikkje heller: dei er frå juli då me var i England. Etter å ha vore eit para dagar i Kendal i Lake District, tok me toget til Thirsk i North Yorkshire. Toget me hadde tenkt å ta, var kansellert, men me fann ei anna rute og kom oss fram til Thirsk til slutt. Grunnen til at me ville dit var James Herriot-museet, meir om det i eit eiga innlegg. Kirkgate House Hotel var overnattingsplassen, og der var det koseleg (kunne sitje i vindauget og lese), litt eldre, men sjarmerande stil. Kult flisemønster på golvet i inngangspartiet og ein søt minihage i bakgarden. Åt god middag på restauranten Bianco og elles ein roleg kveld med lesing.


Thirsk var ein riktig koseleg by, og som Kendal og spesielt Settle, skulle me gjerne ha vore der ein dag eller to ekstra. Noko av det kulaste var all den hekla pynten som hengde rundt omkring i byen. Det ligg mykje tid, arbeid og kjærleik bak, ikkje minst all den fantasien og kreativiteten. Likte godt kronene med glittertråd, forstod at dei hadde blitt laga til dronningas jubileum som var no i sommar – ho fekk jo sytti år på trona før ho gjekk bort i september. Stilige syltetøyglas, ein bokbutikk, pub og ei flott kyrkje, hyggeleg å berre gå rundt i ein slik marknadsby, ha ferie og ta det med ro.

Legg igjen ein fin tanke