1. des. 2022

Julesongtradisjon



Torsdag fyrste desember. Adventstida er i gong, og eg koser meg med julemusikk, julebøker og julelys. Når det gjeld det fyrste punktet, er det mange songar eg må høyre kvart år for at det skal bli jul. Og kvart år er det ein av dei eg pleier å dele her på min lille blogg: "Walking in the Air" med Aled Jones. Blir litt smårørt når han syng seg sjølv som liten, både i den versjonen du kan sjå rett over og denne der videoen ikkje er den beste, men likevel nydeleg. Lurer på å lese boka i år – songen er jo frå den fine filmen The Snowman som er laga etter boka med same namn av Raymond Briggs.

Legg igjen ein fin tanke