30. des. 2022

Tankar om ein song på årets nest siste dag



Regnet høljar ned ute. Dropane renn nedover vindauget. Årets nest siste dag byrjar å nærme seg slutten. Etter å ha komme heim frå ein travel dag på jobb, har eg tatt fram boka eg les akkurat no. Frå høgtalarane kjem det enno julemusikk – eg høyrer på julelista mi så lenge eg berre kan. "Benedictus" av Karl Jenkins har eg tre forskjellige versjonar av på den lista. Songen er kanskje ikkje ein julesong, men etter at eg fyrste gong høyrde den då Ole Edvard Antonsen spelte songen på julekonserten hans for fire år sidan, har den vore ein del av julesongane eg berre må høyre. Tidlegare har eg delt Hauser sin versjon av songen, i dag legg eg ved originalen. "Benedictus" er ein del av messa The Armed Man – A Mass for Peace. Messa er dedisert offera i Kosovo-krigen på slutten av 90-talet, men den passar like godt no. Kanskje vil den dessverre passe til alle tider. Eg veit ikkje. Likevel. På eit eller anna vis gir songen meg eit håp, den gir meg ei ro. Å høyre på den medan eg les får meg til å stoppe opp ein augneblink, berre lytte til musikken, høyre den byggje seg opp, lytte til koret når dei kjem inn. Så les eg vidare og lar songen vere der med meg i tankane.

Legg igjen ein fin tanke