11. des. 2022

Månelys førjulsstemning




Dynesundag. Kaldt her i byen no, og i dag har me berre vore inne. Gjort litt husarbeid, høyrt på julemusikk, lese og slappa av under dyna som eg tok med ut i stova. Opning av astronomiutstilling var det som me på Vitenfabrikken var opptekne av fyrste halvdelen av denne veka. Gøy at den endeleg er open! Middagsbesøk og eit julebord kan også nemnast. Snøen kom torsdagsmorgon og ligg enno. Trur ikkje den ligg fram til julaftan (skal aldri seie aldri), men om ikkje anna, skaper den ei flott førjulsstemning. Nei, eg er framleis ikkje ein stor snøfan, likevel kan eg sjå det fine i den. Prøver å vere kort i dag, for no vil eg til sengs og fortsetje å lese i ei av dei kjekke bøkene eg les for tida. Håper du har hatt ei flott førjulsveke og at morgondagen blir bra. Ekte vekesoppsummering:
 
solskinet inn i vår julepynta heim 
skrive og sende ut fleire julekort
månelyst over ein del av byen medan eg venta på bussen 
"Top 10 Best Musicals of the 2010s" –  fordi Matilda, The Book of Mormon og Hamilton
ordentleg kult med ein planeterrella på jobb, som eit miniatyrnordlys
bokklubbmøte over nettet med den besteste gjengen
"Sång till livet" i ein smilande nettversjon
på onsdag opna me ei ny utstilling der ein mellom anna kan utforske romskipet Delta
snø i Langgata som saman med vinterlysa skapte flott førjulsstemning 
å lese om Ole Magnus som trass funksjonsnedsetting både forskar og held forelesingar
vakker solnedgang over eit bygg rett ved Vitenfabrikken
julehjarta og svanene i Breiavatnet midt i Stavanger
halvannann podcastepisode (her og her) med Billy Boyd, Dominic Monaghan og Elijah Wood
heimelaga vegetarlasagne, mormorserviset, latter og mykje prat i lag med eit venepar tysdagskveld
og ettermiddagssola over det same bygget ein annan dag
har kost meg med å lese Dyrlege i spinn, tenk at me var i det området i sommar
stilig med bøker som pynt på veggane på Ogna scene der me hadde julebord med jobben i går
minitass av ein katt som gjerne vil vere ven med og ha merksemd av besteste Bailey
og All Things Wise and Wonderful, endå ei bok av James Herriot
dynesundag med god kaffi og kjekke bøker
Vintereventyret av Sarah Morgan var ei kjempeherleg julebok

Legg igjen ein fin tanke