18. des. 2022

Fire lys er tente




18. desember og fjerde sundag i advent. Sundagen er snart over og om berre ei lita veke er det julaftan. Fyrst ventar fire dagar på jobb, men dei kjem til å gå fort. Det har i alle fall denne veka gjort med fleire arrangement på jobb, julekonsert og det eine med det andre. Me hadde til og med ein lunsj i lag, oss kollegaer som var på jobb på fredag, der me åt lutefisk. For min del var det fyrste gong eg smakte det, og det var overraskande greitt, særskilt med tanke på at eg er nokså kresen. No i helga har eg vore litt småforkjøla, så sånn sett var det veldig okei å ikkje ha store planar. Eg har fått lese mykje, me passa krøllebølle i går og eg har kost meg med å følgje med på både Snøfall og Jul i Blåfjell. Men no ventar boka, og etter kvart senga. Vekesoppsummering med litt forskjellig:
 
UiS sin julekonsert, tårene rann som berre det då alle var med på sisteverset av "Deilig er jorden"
siste adventssundag med alle lysa tente og det finaste magasinet frå Fredag 
gode varer frå REKO-ringen
"Both Sides Now" sunge av Sanne Kvitnes på fredagens Beat for beat
hjelpe tanta mi med eit lite flyttelass over til Jørpeland i dag
og stikke innom finaste Heddas gård på vegen tilbake  
høyre ein barnehage syngje Luciasongen midt i Langgata tidleg om morgonen
ordentleg varm, rosa Disneyhimmel ein morgon på jobb då eg stakk hovudet ut på takterrassen
kan varmt anbefale parflyt i ein flytetank: uvant i byrjinga, men så behageleg og avslappande
Det ble natt i Caracas blei den siste boka i mitt lesemål
gult er kult 1: heklagenser kjøpt på Fretex og flotte øyredobbar laga av Angélica León
lange skuggar og kvitt rundt Mosvatnet
ikkje heilt overbevist over konsistensen, men lutefisk for fyrste gong var ganske okei
oktoberbilete frå i fjor inne hos Niina, ho har ei heilt eigen måte å fange stemninga på
juleromanen Snowflakes Over The Starfish Café likte eg godt, og heimelaga latte er alltid godt!
gult er kult 2: lage heimelaga lussekattar med ekte safran til Luciadagen (og dei blei knallgode)
vere med å dekke bord med juleraude serviettar og blomar då det skulle vere julelunsj på jobb
lesetid i lag med krøllebølle 
sjå desse søte pallaskattane som tassar rundt omkring
gult er kult 3: sett i kaleidoskopet på Abelloftet
Mandy Baggots julebøker har blitt eit must for meg dei siste åra, fyrst ut er One Night on Ice
vinterlys på paviljongen i blåtimen om morgonen etter å ha gått av toget

Legg igjen ein fin tanke