I år var me på Sola då me tok fatt på årets julekakebaking. Tanta mi ville også vere med, og det er litt betre plass på kjøkkenet til fire personar heime hos mamma og pappa enn i leilegheita vår. Det var broremann og eg, tanta mi og mannen min som stod for bakinga, og det blei julebrød og mandelkjeks med sitronsmak, vaniljeplettar og ikkje minst storfavoritten sjokoladestenger.
Som vanleg måtte me jo smake litt på deigane, ho, ho. Og så den kule marmoreffekten då tanta mi blanda saman ingrediensane til julebrødet, råtøft! Sju sortart blei det ikkje, men det viktigaste for oss er sjokoladestengene og elles berre kose oss, ha det hyggeleg og høyre på julemusikk. Kanskje syngje høgt når det kjem ein song med kan godt, og timane fyk av garde. Timane har også gått veldig fort på jobben i dag med opning av vår nye astronomiutstilling. Fleire kom for å sjå på og utforske, det var gode foredrag og ein del fart og spenning. Gøy med slike annleisdagar innimellom.
Legg igjen ein fin tanke