16. des. 2020

Verdas beste lussekattar


Her i heimen har me ikkje ein tradisjon når det gjeld å bake lussekattar. Men eg fekk så lyst til å finne ei oppskrift og bake desse her i år. Han fine fann ei oppskrift inne på detsoteliv.no, og den heiter faktisk "Verdens beste lussekatter". I nærleiken av blokka har me ein butikk som heiter IMS, noko som står for internasjonalt matsenter, og der kjøpte me ekte safrantrådar. Stilig å knuse dei i ein mortar og sidan ha det heile oppi melkeblandinga. For ein nydeleg farge før den etter kvart – med mjølet oppi – blei herleg lussekattegul. Deigen fekk heve og blei ordentleg luftig. Koseleg å stå på kjøkkenet i lag og rulle ut deigen og sidan forme deigemna i S-ar, kringlar og store snurrar. 

 


Før me steikte lussekattane i omnen, fekk dei stå og etterheve ei lita stund. Og nam! Etter å ha steikt dei, kokte me kaffi og åt ein lussekatt kvar. Kjempegode, desse lagar me gjerne igjen! 

Legg igjen ein fin tanke