19. jan. 2022

Mitt bokår 2021 📚


Til no har eg lese ut åtte bøker i 2022, nesten det same som då eg skreiv eit likt innlegg i fjor. Det vil aldri vere viktig kor mange bøker eg les så lenge eg koser meg med lesinga. Drøymer meg vekk, slappar av eller sit ytst på stolen fordi det er så spennande. Likevel må eg jo innrømme at det er gøy å ha lese 150 bøker – sånn går det når det blir mykje tid for oss sjølv, slik eg trur det har vore for mange. Som eg nemnde i sundagslista, skal eg i år utfordre meg sjølv til å lese ei bok i månaden av ein "ikkje-vestleg forfattar", altså lese meir frå andre kontinent enn "berre" Europa og Nord-Amerika. I tillegg skal eg også i år vere med på å lese ei Agatha Christie-bok i månaden (#readchristie2022) og eg vil også fortsetje å lese meir frå mi eiga bokhylle – i fjor blei det 67 bøker frå eiga hylle, heile 42 prosent, og 83 lånte bøker. Når det er sagt, er det bokåret 2021 dette innlegget skal handle om. 
Les som regel litt i kvar sjanger, og krimsjangeren er ofte ein eg vender tilbake til. Kanskje mindre i fjor enn tidlegare sidan eg har valt å lese ein del feelgood-bøker for å få opp humøret. Men ei Christie-bok i månaden har det blitt og Poirot er ein stor favoritt. Speilmannen av Lars Kepler likte eg ikkje (trur ikkje eg kjem til å lese meir frå den kanten) medan å byrje på årstidskvartetten frå Shetland av Ann Cleeves var ei sann glede. Det minner meg på at må lese fleire av hennar bøker. Noko av det kjekkaste innan krim, var å lese dei to fyrste bøkene i serien om dei fire herlege hovudkarakterane i Torsdagsmordklubben
 av Richard Osman. Å sitje under eit varmt pledd med noko varmt i koppen, ordentleg kosekrim som for meg er lik ein god, varm klem.



Reising utanfor landegrensa har det berre blitt på skjermen og mellom boksidene. Men å lese bøker om togreise, har fått meg til å glede meg veldig til me nok ein gong kan reise meir som vanleg igjen. Togeventyret av Bjørn Stærk og Togferie av Erik Sveberg Dietrichs har begge gitt meg mykje inspirasjon. Erika Fatlands Sovjetistan var ei fascinerande reise og djupdykk i land som eg ikkje har visst så mykje om, for ei lærerik og fargerik reiseskildring. 
Emily's Quest av L. M. Montgomery, den siste i trilogien, fekk meg nok ein gong til å reise tilbake til vakraste Prince Edward Island (trur eg seier det kvart år, men å, som eg innimellom saknar den øya). Bøkene om Fremmesteds reisebyrå av L. D. Lapinski har tatt meg med på ei ordentleg eventyrleg reise.



Å sluke ei bok, bli heilt oppslukt av handlinga, av ei eiga verd. Her er det mange gode kandidatar, men ein som skil seg veldig ut er Tilly og bokvandrerne av Anna James. Å kunne snakke med sine favorittkaraktarar og bli med dei til deira verd, tenk om me faktisk kunne det. Las bok nummer to i same serie rett etterpå og eg håper snart det kjem fleire bøker i denne magiske serien. Any Way the Wind Blows, den siste boka i serien om Simon og Baz av Rainbow Rowell, fekk meg også til å oppleve magi, og det same med tidsreiseboka One Last Stop av Casey McQuiston som også hadde ein god dose skeiv kjærleik og herlege karaktarer. Slukte også den
 tredje boka i Tremarnock-serien av Emma Burstall, gleder meg til å lese vidare om Liz, Rosie og heile gjengen. Og så må eg ikkje gløyme at eg las heile Narnia-serien av C. S. Lewis. Gøy!



The Girl with the Louding Voice av Abi Daré er ei tøff historie om det å gå sin eigen veg, og det er ei sterk kvinnekarakter som ber denne forteljinga. Sterke kvinner fann eg også i
 For alle vinder av Kristin Hannah, medan Heidi Furres Makta skildrar ei rå og tøff hending og korleis denne framleis pregar livet til hovudpersonen. When My Heart Joins the Thousand av A. J. Steiger, fekk meg til å bli glad i Alvie og Stanley, ei historie om to einsame sjelar som finn kvarandre i denne vakre boka. Noe tapt og noe vunnet av Tara Westover og Jente, kvinne, annet av Bernardine Evaristo, Shuggie Bain av Douglas Stuart og til slutt Hard Land av Benedict Wells skildrar alle oppvekst på ein tøff og sår måte. Fire forskjellige bøker som framleis sit igjen i minnet.



Kva som er vakkert, vil alltid vere subjektivt. De åtte fjellene av Paolo Cognetti overraska meg med sitt vakre språk og sine tøffe skildringar av fjellet. Tøffe skildringar finn ein også i Plikt av Marianne Clementine Håheim. Stjernenes knitring av Jón Kalman Stefánsson og Reise i måneskinn av Antal Szerb er også bøker som bergtok meg med sitt språk. Las Trollvinter av Tove Jansson, og hennar ord skaper ei heilt eiga og særskilt stemning. Likte også novellesamlinga Øksa og ishavet og romanen Forklaringen av Gaute Heivoll. Og nok ein gong har Linn Skåber og Lisa Aisato gitt ut ei vakker og rørande bok: Til oss – fra de eldste



Apropos overraske, klassikaren
The Railway Children av E. Nesbit overraska meg, kanskje mest fordi eg ikkje visste kva eg skulle forvente og så enda eg opp med å bli veldig glad i dei tre søskena, deira påfunn og korleis dei prøvde å finne seg til rette på ein ny plass, få nye venar og prøve å forstå kvifor faren deira er så langt borte. Å lese utan å vite så mykje om boka på førehand, det er alltid litt spennade og noko spesielt. Mannen min utfordra meg til å lese ei bok av Terry Pratchett, og den boka min betre halvdel fann fram til meg var Trollmannens stav. Eg koste meg ganske mykje med å lese den boka, det skal eg ærleg innrømme. Loveless av Alice Oseman (meir om Oseman seinare) var også ei bok som overraska meg, for sjølv om eg visste handlinga og temaet, veit eg ikkje om eg hadde trudd at eg kom til å like den og sluke den slik eg gjorde.



Tårene renn ganske ofte når eg les, det skal eg ærleg innrømme. J
uleboka Et hjerte av gull av Florence McNicoll fekk tårene mine til å trille fleire gongar og den var så himla mykje meir enn "berre" ei søt julebok. Må også nemne Autoboyography av Christina Lauren som rørte meg med historia om å måtte flytte frå ein by til ein annan for å kanskje kunne vere seg sjølv. Kjæreste Emmie av Lia Louis, Sofia Lundbergs Den røde adresseboken og A Walk to Remember av Nicholas Sparks må eg vel også plassere i kategorien "bøker som har fått meg til å gråte".



Sjølv om eg blir fort rørt, er det ikkje alle bøkene eg græt av. 
Crazy, Stupid Bromance av Lyssa Kay Adams, den tredje boka i Bromance-serien, har fått meg til å småhumre, og det same med Solan og Ludvig i Tre små venner av Kjell Aukrust. Nok ein gong har bøkene til Mandy Baggot, både sommarbøkene frå finaste Korfu og julebøkene hennar, fått meg til å smile, og Brudetesten av Helen Hoang har dei herlegaste karakterane. The Boyfriend Material av Alexis Hall (litt artig med den der fake dating-klisjéen), Bare på besøk av Beth O'Leary og Stompa, dagens helt av Anthony Buckeridge er også tre bøker som ein sikkert kan kalle feelgood-bøker. 



Ei av julebøkene, Christmas by the Book av Anne Marie Ryan var så varm og fin at det kan godt hende eg kjem til å lese den ein annan gong det er jul. Og eg sa eg skulle nemne Alice Oseman igjen. Dei fire grafiske romanane i 
Heartstopper-serien er alle bøker eg glatt les om igjen. Kjærleiken mellom Nick og Charlie og generelt mangfaldet i denne teikneserien går rett i hjartet. Bøkene om The Paper & Hearts Society av Lucy Powrie er også ein YA-serie som har eit flott mangfald og når dei i tillegg handlar om andre bokelskarar, kan det bli betre?! 

Legg igjen ein fin tanke