4. des. 2022

Kinokonsert med ein tjue år gammal film




Å høyre filmmusikk live medan ein ser sjølve filmen på storskjerm – det er litt av ei oppleving! Tidlegare har me vore på Love Actually in concert og Harry Potter and the Philosopher's Stone in concert, og på torsdag fekk me oppleve den andre filmen i Harry Potter-serien høgt oppe i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus. Stavanger Symfoniorkester spelte musikken og me storkoste oss med å sjå filmen og samstundes høyre musikken på ein måte som aldri før. Litt rolege dagar på jobb (tihi, det er vel stille før stormen, for om berre eit par dagar opnar me ei ny utsilling), fleire gode bøker og flotte morgonar, kaffipausar og ikkje minst årets julekakebakeverkstad – eg hadde allereie altfor mange bilete til denne vekas sundagsliste, så nokre bakebilete kjem heller seinare. Kva anna har skjedd denne veka? Trur eg har fått med det aller meste i dei neste punkta, kos deg:
 
lese ut The Mistletoe Motive, ei akkurat passe herleg julebok
bussjåførar som høyrde på lydbok fire av dei fem dagane eg tok bussen 
julekakebakeverkstad på Sola
songane "Into the Unknown" og "Don't Stop This Feeling" på Beat for beat fredagskveld
kaffitår og solskinsbolle hos dei fine folka på Heddas gård
det siste, gylne haustlauvet på bakken
lese på togturen heim med ei byrjande solnedgang i horisonten
vakre isroser i fleng inne hos Et katteliv
instrumental versjon av "Walking in the Air" då eg var innom ein butikk i Stavanger
ha på meg ein raudrutete ullkjole som eg kjøpte brukt frå ein nettbutikk tidlegare i år 
soloppgangen og morgonsola sett frå takterrassen på jobb
eit lite dikt om folkebiblioteket av Gunnar M. Roaldkvam
Harry Potter and the Chamber of Secrets in concert i konserthuset
og før filmen: ete ute på restaurant, og for ein god panna cotta til dessert 
katten Haru er like nusseleg uansett kva han driv på med
byrje å skrive julekort 
eit lite "hei" og skuggespel på den osteprikkete veggen på Vitenfabrikken
minste elefanten Doldol, så utruleg skjønn og sjarmerande
Kerstin Ekmans Løpe ulv tok seg veldig opp og eg måtte sluke slutten av boka
A Home from Home er den femte boka av Veronica Henry som eg har lese i år
spontant kaffibesøk hos eit venepar i går

Legg igjen ein fin tanke