31. des. 2021

Lite glitter og stas


Adventsstjerna heng framleis i vindauget. Lyser opp grå dagar. Eg veit at jula sånn sett er over, og at me skriv eit nytt år i morgon, men eg lar den hengje over helga. Kjenner eg treng det. Årets nyttårsfeiring blir roleg, berre han fine og eg, god middag, ein film og lite glitter og stas. Rare tider, det må eg seie. I fjor ønska eg meg eit mjukare 2021, og det gjer eg verkeleg også for 2022. Det er i alle fall lov til å håpe. Håpe på færre restriksjonar, at me kan vere meir sosiale, ha fleire spelekveldar, spele konsertar med orkesteret og sjølv gå på konsertar og forestillingar. Kanskje dra utanlands. Litt av dette fekk me i år, men på langt nær så mykje som me hadde håpa. Vil at 2021 skal ta slutt samstundes som eg ikkje heilt veit om eg vil at det skal vere eit nytt år. For tenk om 2022 blir som både dette året og fjoråret?! Om ikkje anna har eg lese meir enn nokon gong i år, eg har kost meg med strikking og gode seriar og me har gått mange turar i vår eigen by. No – over og ut, 2021. 

Legg igjen ein fin tanke