10. des. 2021

Tradisjonsbakst og ein ny julebakst



Sju slag blir det ikkje, men på sundag bakte broremann og eg to slag. Over kan du sjå vaniljeplettane som eg fann ut at eg ville lage etter å ha sett oppskrifta i ei lita julekakebakebok. Ei ganske enkel oppskrift, kanskje ikkje den mest spennande, likevel må eg seie at eg sjølv synest desse blei gode. Pynta nokre av dei med klementinskal, og desse julekakene er ypperlege å dyppe i kaffien.

 



Ingen jul her i heimen utan sjokoladestenger. For oss er dette lukta av jul. Me bruker oppskrifta etter mormor, og det er så koseleg å bake saman, smake litt på deigen og innimellom mimre tilbake til barndommen. Lager alltid dobbel dose, for dette er ei av få julekaker me alle saman liker ;)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så koselig med oppskrift etter mormor ♥

Silje sa...

Veldig kjært minne og ein koseleg tradisjon ♥

Legg igjen ein fin tanke