20. des. 2021

Knasande gode mandlar



For mange er dette ein ordentleg klassikar, for oss var det fyrste gongen me prøvde å lage brente mandlar. Eg fann denne oppskrifta som me testa ut i går, og eg vil påstå det blei vellykka. Andre lager dei slik at sukkeret er heilt karamellisert og mandlanefår ei heilt blank overflate, men i denne oppskrifta stoppar ein før slik at sukkermassen blir liggjande som eit sprøtt lag utanpå mandlane. Nam, dette kjem me garantert til å lage neste jul også – og så er det ei perfekt smågåve å gi bort!

Legg igjen ein fin tanke