27. des. 2021

Juletreepynting og ei jul heime




I år som i fjor blei det ei stille og roleg julefeiring. Okei, med Zalo heilt i hundre har det no ikkje vore heilt stille ;) Uansett. Lille julaftan drog me til Sola for å pynte treet og ete risgraut. Å leite fram sine favorittar som skal hengje på juletreet er like koseleg år etter år. Stjernepeparkaka, den lille ugla og snøkrystallen i nuperelle er alle eit par av mine favorittar. Tok også med meg den knallfine Mummi-kula som er for stor til å hengje på trollhasselen som me har her i heimen. Snorkfrøken og lille My på den eine sida og Mummitrollet på den andre sida. Elles var det pappa som i år fekk mandelen i grauten, og nokre julekaker kvar kveld medan ein les quiz høgt er for oss noko som høyrer jula til. 





Julaftan starta me som nemnt her heime, og hadde det heilt greitt då eg sat i sofaen i pysj, under eit varmt teppe, drakk endå ein kopp med kaffi og såg på Tre nøtter til Askepott. Ho fekk jaggu meg prinsen i år også. Køyrde ut til mamma og pappa i tre-tida. Mamma hadde dekka bordet julefint, og middagen smakte godt. Me har slappa av, spelt "Kokkelimonke" og "UNO", lese og strikka, ete gode middagar og dessertar, og Zalo ville vere med på alt. Skjønner han godt, klementin er kjempegodt (så lenge han ikkje får får mykje av det) og det er kjekkare å vere i lag med ein fin gjeng enn å sitje i ein krok for seg sjølv heile jula. Er du ikkje einig?! Var på Sola fram til i går kveld. Jula heime. 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så magisk fint det både så og hørtes ut ♥ Tradisjoner, ro, glede, samhold. En perfekt jul i mine øyne ;) Masse god jul videre til dere ♥

Silje sa...

Eg har kanskje ikkje klart å roe hovudet heile vegen, men mykje av tida har eg hatt senka skuldre og berre slappa av med familien, ei god bok og mykje hygge ♥ Så får me sjå korleis onsdag og torsdag blir, ikkje like kjekt å gå på jobb når det ikkje er publikumsbading. Men, men, det er slik det er akkurat no. Du er så god til å leggje igjen fine ord her, Ida, tusen takk ♥

Legg igjen ein fin tanke