19. des. 2021

Opp og ned rett før jul


Er det andre enn meg som synest denne veka har vore tung? Ingen løyndom at eg er ein som lar meg styre av kjensler, og det har blitt mange tårer desse dagane. Eg håper så inderleg på eit mjukare 2022, men det sa eg vel om dette året også. Hadde gledd meg veldig til julekonsert med Ole Edvard Antonsen i morgon, og så kom det jaggu meg nok ei nedstenging. Innimellom veit eg liksom ikkje heilt kor eg skal gjere av meg. Men som Luka sa i episode 14 av NRKs adventskalender Kristiania magiske tivolitheater: "Når alt er så trist, må man bare le." I alle fall prøve å le, prøve å finne på kjekke ting å gjere. For det har blitt ein del av det også, heldigvis. Tid til å lese koselege julebøker, knallbra sundagstur, byrje på eit nytt strikkeprosjekt, tenne lys og sjå britisk krim. Og så blir det fint å feire jula heime, for trass ein pandemi, blir det jul. Jul med Tre nøtter til Askepott, jul med filmkveldar, jul med familien. Ser jo at det blei faktisk mange bilete også denne sundagen med mykje bra, og lista blir dimed lang sjølv om det i mine auge har vore fleire kjipe dagar:

✦ kosekrimmen Mannen som døde to ganger, som å få ein god og varm klem
✦ sola som følgde oss heile vegen då me gjekk Forusstrandaturen i dag
✦ Lucia-fika inne hos Et katteliv, sånn lågterskelkoseleghygge :)
✦ ny grompenisse som sit ytst på vegghylla vår – me fann den i Egersund, laga av LTB Keramikk
✦ spele julemusikk for publikum ein kveld før me stengde dørene
✦ alltid kjekt å besøke bruktbutikkar, og denne fine tekanna fanga blikket mitt
✦ dokumentaren A Baby Reindeer's First Christmas på TV2 Play, lille Holy Moly er berre heilskjønn
✦ emaljearmbandet frå Opro
✦ koseleg at dei song "Kamilla og Sebastian" frå Kamilla og tyven i vekas Beat for beat-episode
✦ lese endå ei julebok frå Mandy Baggot, Christmas by the Coast er hennar nyaste
✦ syngje med då eg såg på Putti Plutti Pott på NRK Nett-TV
✦ plystreselfie med Zalo, og eg trur verkeleg han likte mammas julekake
✦ lage brente mandlar i lag med mannen min i går – dei blei kjempegode!
✦ kjekt at Baggot delte posten min på Instagram
✦ fascinerande å høyre is som musikkinstrument
✦ tinge heim ypperleg fredagsmiddag frå restauranten Zouq
✦ blir ingen julekonsert på oss, då var det ekstra fint å høyre og sjå Jul med KORK
✦ Levi Henriksens Når plutselig en natt blei årets siste novellesamling
✦ nymfekakadua Benjamin som blir så glad for ein haug med papirremse
✦ byrje på eit nytt strikkeprosjekt
✦ ny sesong med Endeavour, britisk krim på sitt beste
✦ laurdagspizza, julefilm og ein runde med brettspel
✦ fjerde sundag i advent med fire tente lys, finaste magasinet frå Hei Fredag, god kaffi og noko attåt

Legg igjen ein fin tanke