3. des. 2021

Trasketur i eit kvitt landskap


Kjenner i auga at eg har vore vaken sidan halv seks. Godt med helg no etter fem slike tidlege morgonar, morgonar og dagar med all slags vêr. Medan eg traska heim i dag, byrja det å snø. Bittesmå snøfjon. Det aller meste av snøen som kom på måndag, var blåse vekk og det var veldig bart i dag tidleg. Nei, snøen og eg kjem aldri til å bli bestekompisar, men eg skal innrømme at det var ei eiga stemning då eg gjekk heim. Lydane var annleis, lufta likeså. Sjølv om eg var litt trøytt og sliten, gjekk eg i eit akkurat passe tempo og brukte tid på å berre vandre. Nesten framme ved inngangsdøra, måtte eg stoppe opp ein liten augneblink for å knipse eit bilete av denne søte bamsen og eit lysande reinsdyr. Ganske sjarmerande, smilet kjem fram og eg synest det lyser opp nabolaget. 

Legg igjen ein fin tanke