15. des. 2021

Førjulsgåve til meg sjølv


Med den jobben eg har, bruker eg lite smykke i kvardagen. For tru det eller ei, det er mange tunge løft og fysisk arbeid i ein svømmehall, me sit ikkje berre badevakt åtte timar om dagen. Til vanleg bruker eg berre to ringar og eit enkelt armbånd frå Stine Sofies Stiftelse, men eg har lenge gått og beundra emaljesmykka til Opro. Kolleksjonen Simplicity er den aller finaste, så stilrein og passar til alt. Eg valde å tinge heim eit armband i ein dus gråfarge (nesten vanskeleg å velje farge, berre sjå her kor mange det er å velje mellom). Smykkeanhenget i kolleksjonen er kanskje litt lite – det er same storleik på armbandet, anhenget og øyredobbane – men armbandet er akkurat passe stort. Nesten som ei lita førjulsgåve til meg sjølv midt i mørketida. Håper eg kan bruke det til ein kjole i jula.

Legg igjen ein fin tanke