5. des. 2021

Det byrjar å nærme seg jul







Ser at det blir litt sein sundagsliste i dag, men betre seint enn aldri ;) Trass i at eg har mått stå opp grytidleg, har dagane på jobb vore kjekke. Og eg har fått tid til både å slappe av, pynte litt til jul, lese (ha, ha, den bokhaugen blir liksom ikkje mindre) og vere med vener. I går tok me toget til Egersund der me besøkte sjølvaste julebyen. Ei god veninne var med oss i tillegg til broren min, og me hadde det kjempekoseleg med å gå rundt og prate, sjå så mykje flott handarbeid – alt frå strikk til julepynt av smijern – og berre oppleve atmosfæren. I dag var det julekakebakedag, og eg kjenner at julestemninga sakte, men sikkert snik seg innpå. Og det kan ein kanskje sjå i vekas oppsummering:

✦ lese ut Den siste striden, den sjuande og siste boka i Narnia-serien
✦ gå heim frå jobb og sjå alle dei flotte adventsstjernene i vindauga
✦ Posten sin julereklame, tenk at me har komme så langt at nissen kan vere skeiv
✦ frostdag
✦ Knut Marius Djupvik som song Ylvis-songen "Jan Egeland" på Beat for beat
✦ "Top 10 Musical Moments in Christmas Movies" – her finn du Love Actually og White Christmas
✦ julekakebakedag med broremann
✦ kontrasten mellom det brune haustlauvet og den vinterkvite snøen
✦ Gaute Heivoll har nok ein gong skrive ei knakande god bok
✦ ei heilt magisk lys over Hafrsfjord ein ettermiddag
✦ få noko trollhassel av ein kollega og pynte den med juletrepynt
✦ ta toget til julebyen Egersund og vere der nokre timar i lag med fine folk
✦ enkel og flott novemberbukett inne hos finaste Ida
✦ ete middag heime hos eit venepar, og i same slengen pynte deira juletree
✦ pynta forresten også juletreet på jobb medan me høyrde på julemusikk
✦ sykle forbi eit lite kor som song julesongar utanfor ei blokk
✦ og sykle forbi køen på motorvegen, like stas kvar gong det skjer
✦ små elefantar er så utruleg leikne og morosamme å sjå på
✦ lese den herlege Tre små venner av Kjell Aukrust
✦ Herman Flesvig og alle dei rollene han speler i Førstegangstjenesten, eg har ledd høgt!
✦ Alma Pöysti speler Mummitrollets mamma med ein varme og briljanse i filmen om Janssons liv

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

SUPERFIN julesøndagsliste ♥ Her va det julestemning, både blant bildene, ordene og linkene ;) Og tusen takk for at du deler, gode du ♥ Varm klem fra nord.

Silje sa...

Rett og slett digger at du set pris på desse sundagslistene, varm klem rett tilbake! :D

Legg igjen ein fin tanke