24. des. 2021

"Snøen faller, alt er hvitt" 🌨🎶


Eller, ikkje heilt. Kvit jul blei det ikkje i år, men så er ikkje årets julekortbilete heller frå eit vinterkvitt landskap. Tihi, synest biletet blei artig og akkurat passe fargesprakande. Og så er det fint å syne fram dei flotte, heimestrikka genserane våre. Min raude genser strikka mormor då eg var ti-elleve år medan Mariusgenseren strikka farmor til pappa, og nå har mannen min arva den. Teksten på julekortet er forresten henta frå songen "Jul i Svingen" om nokon skulle lure. Eg håper du og dine kjære får ei god jul trass ei rar tid, at du slappar av og ikkje gjer meir enn akkurat det du sjølv vil ♥︎

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

God jul fine dere ♥ Digger julekortet deres ;) Varm juleklem fra oss i kattelivet ♥

Silje sa...

Hi, hi, tusen takk, besteste deg! ♥ Hadde det litt artig då me tok biletet, det blei ein del versjonar som ikkje var vellukka, men som er ganske gøyale å sjå på om ikkje anna ;) Håper de alle har hatt ei fin jul, klem sånn på tampen av andre juledag ♥

Legg igjen ein fin tanke