14. des. 2021

Takk for alt du er 💚




Kva er det å seie som ikkje allereie er sagt?! Det er kanskje mykje eg ikkje veit, men det eg veit er at sjølv etter tretten år, er du framleis ikkje lei av meg. Nok eit år med ein del kjipe dagar og fleire tårer er snart forbi, og du har vore der heile vegen med ein varme, ein armkrok og eit tolmod utan like. Tolmod når eg feller tårer, tolmod når eg finn på rare ting, som til dømes eit forsøk på å knipse bilete til julekort. Ein varme og ein armkrok som eg veit alltid er der, både i gode og onde dagar. Tretten år med ditt smil og din kjærleik, takk for alt du er, mannen min. Du och jag, eg elskar deg 
♥︎

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Gratulerer med årsdag fine dere ♥ Og det er ikke alle forunt og dele livet med en som er så god. Sånn føler jeg det også med kjæresten ♥ Vi er heldige Silje ;) Varm klem til dere.

Silje sa...

Finaste deg, tusen takk! ♥ Så takksam for å ha ein slik person i livet mitt!

Legg igjen ein fin tanke