Denne bøtteknotten, altså. Jula er snart over, men ei jul med denne kule fugl, hi, hi, Eg berre må dele ein haug med bilete, for i jula har Zalo verkeleg vore heilt med. Han landa i kortstokken då me skulle spele "UNO" (klarte ikkje å fange akkurat den augneblinken), og etterpå sat han på handa til mannen min og titta ned i korta, akkurat som om han skulle velje kva kort mannen min skulle spele ut. Når me opnar ein klementin, kjem han fykande fortarte enn fy. Undulatar skal ikkje ha for mykje av sitrusfrukt, men litt kan dei ha. Og Zalo diggar det! Julekake er visst også ganske godt, å sitje på hovuda våre er det aller kjekkaste og jaggu meg var han med på å sjå Flåklypa Grand Prix ein av julekveldane. Den mest kosete fuglen er du ikkje, men rar, artig og ganske så kul, det er du!
30. des. 2021
Jul med ein kul og gul fugl

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke