6. des. 2021

Julebyen 🎅🏻🎄


Søkte etter "julebyen" her på bloggen, og viss eg har skjønt det riktig, er det heile ni år sidan sist eg var der. Og sjølv om eg hadde med meg kameraet på laurdag, tok eg ikkje mange bilete – me hadde det altfor koseleg og eg gløymde nesten at eg hadde det med meg. Tihi. Å traske rundt blant alle buene med handarbeid og god mat og drikke i alle variantar, snø på taket, munkekledd mannskor som blant anna syng "Så går vi rundt om en enebærbusk" (ser du busken, eventuelt treet?!), julepynt, miniatyrkarusellar og vanlege karusellar, alt dette får i alle fram julestemninga hos meg. Fann eit par julegåver og noko til oss sjølve. Sidan eg ikkje tok nokre nærbilete, får eg komme tilbake med bilete av det me fann til heimen vår. Men har du moglegheita, håper eg du får oppleve konseptet julebyen og kor fint det er i Egersund. Berre ein liten togtur frå Stavanger.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Åååå, dit vil jeg dra ;)

Silje sa...

Gi beskjed viss du tar turen neste år, tihi ;)

Legg igjen ein fin tanke