17. des. 2021

Trombonen med på jobb


Slapp unna det utruleg dårleg bookingsystemet etter ei snau veke, for no er svømmehallen stengd i (minst) fire veker. Ønskjer så klart ikkje at det skal vere stengd og håper at me ikkje må ha så lenge stengd som i fjor (tre og ein halv månad!), men å få sleppe alt det styret rundt ein måte å få inn badegjestane på som ikkje i det heile fungerer, det er eg glad for. Akkurat no har eg attpåtil juleferie, satsar på at eg klarer å senke skuldrene og la jobb vere jobb. Lite speling med orkesteret for tida, men eg har spelt litt på jobb: å ta fram trombonen og spele Tre nøtter til Askepott-temaet og "Selmas sang" frå Snøfall, det har verkeleg fått opp humøret. Nokon av dei i bassenget har klappa og komme med koselege tilbakemeldingar, så eg håper at det har fått fram smilet hos andre også.

 



Isroser på vindauga. Ikkje denne veka, men heller ikkje lenge sidan. Det blir som eg skreiv på måndag, at eg prøver å ta med meg alle lyspunkta eg kan. Kulden og vinteren, som med mørket og hausten, er ikkje det eg liker best. Kanskje er det då ekstra viktig at ein held fast på det som får fram smilet, lyser opp dagen litt ekstra. Anten det er store ting eller alt det små, det kvardagslege, små drypp av noko fint kvar dag. Som å høyre Benedictus på julesonglista mi, lese ei kjekk bok, artig humor på jobb, sollyset i andletet eller isroser på vindauga. Som at det er fredag og juleferie.

Legg igjen ein fin tanke