26. des. 2021

På tampen av andre juledag





Juleferie, julebøker, julekaker, julefilm og julehygge. Veka mi veldig kort oppsummert, likevel fangar orda stort sett dei siste sju dagane presist. Skjønner ikkje heilt kor dagane har blitt av, men slik er det jo ofte. Hovudet har vore litt av og på, ikkje berre berre å skru av når ein er uroleg og synest ting har vore litt kjipt i det siste. Prat og latter med ei god veninne i fleire timar onsdag ettermiddag, mykje tid til lesing, komme ordentleg i gong med strikkeprosjektet og rolege dagar heime på Sola i lag med familien har gjort godt. Ein tur ute i det kalde og klare vêret midt på dagen i går var også noko som verkeleg fekk smilet fram. Roa har eg funne innimellom, og eg har to dagar igjen med fri før det blir jobb onsdag og torsdag. Andre juledag er så godt som over, det blei jul i år også:

✦ i mine auge er Et hjerte av gull ei av dei finaste og mest rørande julebøkene eg har lese
✦ Geoparken lyser opp bybiletet
✦ lage heimelaga latte og servere noko attåt då ei av mine beste veninner var på besøk
✦ setje av tid til å sjå Love Actually ein av dagane
✦ og apropos Love Actually: eg måtte sjå denne kortfilmen om igjen, laga over ti etter den fyrste
✦ smake på julekakene
✦ spele spel, sjå film og ha høgtlesing av quiz i lag med familien
✦ blir rett og slett så glad av å sjå denne lille elefantungen som tar sitt fyrste bad
✦ ein varm og gyllen sol då me køyrde til Sola på julaftan
✦ kaffi, julebok og så blir eg glad av julegrytekluten me kjøpte på brukskunstmessa i Åsenhallen
✦ litt klisjé var den, boka Den største julegaven, men av og til er det akkurat det ein treng
✦ høyre på konsert med Adam Douglas over nettet
✦ alle dei knallfine bruktfunna inne hos Et katteliv
✦ Zalo har vore heilt i hundre – han har blant anna ete julekaker, sett på film og vore med på "UNO"
✦ gjekk ein tur i Hålandskogen i går, og vinterlyset var så sterkt og gyllent
✦ pynte juletreet lille julaftan i lag med broremann
✦ smuhumre av denne kakadua som syng Mozart, sit berre og ventar på den siste tonen ;)
✦ starte julaftan her heime med god frukost, kaffi og så klart Tre nøtter til Askepott
✦ knallsol inn i heimen ein av dagane, for det varmar kvar gong
✦ Christmas by the Book, verkeleg ei flott julebok (og det går ikkje an å bli lei bøker om bøker)
✦ og sjå den fine single-plata med Sølvguttene som eg fann på ein bruktbutikk i Egersund
✦ strikke ein god del kvar dag

Legg igjen ein fin tanke