1. des. 2021

Songen eg alltid høyrer fyrste desember



Fyrste desember og midt arbeidsveka. Koseleg å høyre på julemusikk på jobb, og det blir så klart litt her heime også medan eg les i ei bok. For min del er det fleire songar eg må høyre kvar jul. Ein av dei pleier eg å dele her på bloggen kvart år: "Walking in the Air" med Aled Jones. Han syng med seg sjølv som liten, både i den versjonen du kan sjå rett over og denne der videoen ikkje er den beste, men likevel så himla fin. I fjor såg me Snømannen, filmen songen er frå, på stort lerret medan musikken blei spelt live på scena. For ei koseleg oppleving! Te, bok og julemusikk i heimen i kveld.

Legg igjen ein fin tanke