21. des. 2021

Forusstrandaturen




Lenge sidan førre kvardagsturen (kommunen har jo laga til "52 hverdagsturer" rundt om i Stavanger), så det var litt ekstra gøy å komme oss ut på ein slik tur i går. Meldinga for dagen var strålande sol og opp mot sju gradar, men jaggu meg var det mykje vind. Me hadde lag på lag med ull, og det gjekk dimed tåleleg greitt. Turen tok oss med på små skogsstiar, inn i bustadsområde, sidan vidare til industriområdet Forus og faktisk inn i nabokommunen Sandnes. Litt overalt, eigentleg.

 



Fyrste delen av turen gjekk langs ein grusveg ved sjøen før me traska under togstasjonen. Sola var med oss heile vegen, og sjølv om det var litt kaldt, måtte eg stoppe fleire plassar for å prøve å fange sollyset. Turkameratane mine gjekk – som vanleg – i forvegen medan eg tok bilete av det gylne lyset og dei lange skuggane. At vinteren også kan vere slik, ikkje berre kulde, sludd og gråvêr. 





Sjølv om eg har skrive det mange gongar før, meiner eg det ekstra mykje denne gongen: sola skein som aldri før i går! Solstrålar både ved eit stort bygg, i horisonten då me gjekk over ei gangrnu, inne i skogen og ute ved fjorden. Sukk, det var rett og slett nydeleg. Ein gammal sykkel som gjekk i eitt med fjellveggen, ein ekte Narnia-lyktestolpe (sånn vil eg også ha), ein bitteliten heimestrikka vott og eit stor sjakkspel var artige ting som eg såg medan me traska i halvhøgt tempo for å halde varmen. Nærmare ei mil til fots i område me ikkje hadde utforska før, ein alle tiders sundagstur.

Legg igjen ein fin tanke