12. des. 2021

Lei av dårleg bookingsystem, heldigvis mykje anna bra




Tilbake til eit bookingsystem som verkeleg ikkje fungerer. Å bruke ein halvtime på å få alle badegjestane inn, for sidan å byrje å rope dei opp av bassenget ein halvtime etterpå fordi dei berre har 90 minuttar totalt (inkludert dusj- og garderobetid) – det er ikkje haldbart. Eg synest det er flaut, rett og slett. Inst inne veit eg at me som jobbar i hallen gjer så godt me kan, samstundes er det me som får alle klagane. Trur me alle er leie no, og det skal bli så himla godt me ferie om berre eit par dagar. Sånn, sutring unnagjort. Ser det er ganske mange bilete i vekas sundagsliste, så det har no vore eit bra veke på andre område, det skal eg innrømme. Bøker, desemberlys i fleire variantar, sosial dag på jobb og trombonemusikk. Og endå ein del meir, for eg tel over tjue punkt:

✦ siste Christie-bok for i år var Sittafordmysteriet (og pluss med kaffi i ein fin kopp)
✦ bokklubbmøte over nettet
✦ skrive og sende endå fleire julekort
✦ ein liten hund, ein stor hund og ein katt som etter kvart blir gode venar
✦ ny sesong av Eides språksjov, og det var koseleg at Adam Douglas var ein av det fyrste gjestane
✦ perspektiv – måtte ut og ta eit lite bilete av svømmehallen mot den blå himmelen i dag tidleg
✦ meir om denne serien seinare, men må berre nemne herlege Den magiske bokhandelen
✦ ete ein liten juletapas og ha pakkeleiken i lag med gjengen i hallen :)
✦ "Lately in kattelivet" – alltid sjarmerande Mira og så mykje anna fint
✦ ein dag med både nydeleg morgonlys og eit magisk kveldslys over hustaka
✦ litt harry, men på ein kul måte, med det sjølvlysande "juletreet" vegg i vegg med jobben
✦ julebøkene til Mandy Baggot er med meg i år også, fyrst ut er One Wish in Manhattan
✦ Benedict Wells skriv så utruleg godt, og Hard land er nok ei bok full av vakre og herlege setninger
✦ flott frostmorgon
✦ UiS sin adventskalender, berre sjå denne superfine blå flammen
✦ spele litt julemusikk på trombonen for badegjestane våre, det gjer også min dag litt betre
✦ lyset inn i heimen vår
✦ videoane til Jonna gjer meg verkeleg varm om hjartet
✦ sundagsmiddag heime på Sola
✦ sjå Maskorama-finalen 
✦ roleg morgonstund med stearinlys, bok og ein liten sjokoladebit

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så fin søndagsliste Silje ;) Og takk for at du deler ♥ Så artig at siste Christie-bok var Sittafordmysteriet. Jeg og kjæresten snakket om at vi hadde så lyst å se den filmen i helga når vi kjørte til hytta. Vi elsker filmer/bøker/musikaler der folk er snødd inne i gamle herskapshus. Sånn som The Mousetrap ;) Digger de stemningsfulle bildene dine, Disney Musical-videoen, kjøpesenteret hvor man bare handler brukt, og videoen til Jonna. Herlighet så fin den videoen er ♥ Og maskoramafinalen. Den var SÅ spennende. Håper du får enda en fin uke Silje ;) Jeg gleder meg til neste liste. Klem.

Silje sa...

Vil så gjerne sjå The Mousetrap no, får verkeleg håpe at me får oppleve det om ikkje altfor lenge – Agatha Christie er min absolutte favoritt! Jonna sine videoar kan redde kva dag som helst ♥ Sender deg ein god og varm klem! ♥

Legg igjen ein fin tanke