8. des. 2021

Klassikar som for meg er ein trøyst


Korleis går det?! Eg veit ikkje heilt sjølv kva eg skal svare på det spørsmålet anna enn at eg er lei. Allereie. Eit steg fram, fem tilbake. Veit enno ikkje korleis det blir på jobb og er sånn sett glad eg skal ha juleferie etter enda kveldsskift om ei veke. Men noko eg faktisk veit er at eg i det siste har lese mange gode bøker. Ser at det blir omtrent ein bokpost i veka her på bloggen for tida, men så er det også alle dei fine bøkene og lesinga som held humøret oppe på grå dagar (og strikking, men akkurat no slit eg med å velje kva prosjekt eg skal byrje med...). Klassikaren The Railway Children av Edith Nesbit er ei bok som eg verkeleg fall for: "Sometimes, in moments of great needs, we can do wonderful things – things that in ordinary life we could hardly even dream of doing." (s. 107). Boka fortel historia om dei tre søskena Bobbie, Peter og Phyllis som flyttar til ein annan plass og som må prøve å finne seg til rette på nye vegar, skaffe nye venar og prøve å forstå kvifor faren plutseleg måtte reise. "'I think everyone in the world is friends if you can only get them to see you don't want to be um-friends.'" (s. 175). Nokre av setningane i denne boka, eg hjartar dei. Trur den kjem til å stå igjen som ei av dei finaste bøkene eg har lese i år, både når det gjeld innhaldet og sjølve omslaget på boka.

Legg igjen ein fin tanke