7. aug. 2022

To dagar heime og sidan Sunnmøre




I løpet av dei dagane me har vore her på Sunnmøre, har me både fått slappa av og gjort litt forskjellige ting. Må le litt av meg sjølv, for som vanleg tar eg mange bilete, så eg ligg etter både frå interrailturen og frå dagane hos svigers. Men eg har litt igjen av ferien og med det tid til å sortere bileta og etter kvart dele ein del av dei her. Allereie no i kveld kjem det fleire smakebitar på kva me har gjort denne veka (og spesielt i helga). Vêret har ikkje vist seg frå si beste side, men kjekke bøker og fleire koppar med kaffi har redda dagane. Nok skriving, eg lar lista tale for denne augustveka:
 
sjarmerande og herleg leseoppleving frå Emily Henry, har likt alle hennar bøker så langt 
blåklokkene rett utanfor svigers si ytterdør, fulle av regndropar
ete god lunsj på Geiranger bakeri, to gongar på to forskjellige plassar
hallo, kor søt er ikkje denne kvalpen som vil bli kjent med ein litt større hund?!
teste ut Ålesunds nye badeanlegg Bybadet, og me storkoste oss, eit kjempeflott anlegg
kaffi og lesing på toget, fekk nemleg lese eit par sider sjølv om det blei mykje vindaugsnatur 
kjøleskapsmagnetar frå interrailturen, tihi, diggar sauen som eg kjøpte i Thirsk
nytt nattogrute som gjer det mogleg å reise mellom Stockholm og London på ein dag 
knallgod hotellfrukost på Thon Hotel Opera etter nattoget
starte veka og heile august med lesing ute på balkongen, for då var det faktisk litt sol
å endeleg ta toget på Raumabanen, all den fine naturen rett utanfor togvindauget
junibuketten inne hos Et katteliv var rett og slett supervakker
lese ei ny Mandy Baggot-bok med akkurat passe sommarstemning frå finaste Korfu
i går var me på Devoldfabrikken og det var kjempestilig å sjå modellbanen Devoldbanen
byrje å sjå The Sandman på Netflix i lag med mannen min 
koseleg å treffe svigers og han eine svogeren min igjen
atmosfæren og kakene på Stolt Mat her på Sjøholt, dette er blitt vår nye stamkafé
er du ved Devoldfabrikken, må du stikke innom Celsius Glass Studio – alle formane og fargane!
Markéta Irglovas tredje song frå hennar nye album som kjem snart
alltid like gøy å stikke innom bruktbutikken Kyrkjetorget 
strikke og sjå på ein serie
regn på ruta, då er det godt med kaffi i ein favorittkopp og eit varmt ullpledd

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Så fin blogg du har!

Moder'n på Møre sa...

Den fine favorittkoppen (med flere) er sjølsagt kjøpt på Kyrkjetorget :-) Mye fint å finne der. Håper dere sover godt på nattoget fra Oslo, og kommer friske og utkvilte heim i morra. Takk for besøket!

Silje sa...

Kyrkjetorget har veldig mykje bra om ein berre leitar litt ;) Me fekk ikkje beste søvnen på nattoget, men dei to andre togturane var i alle fall veldig fine! Satsar på betre vêr neste gong me kjem på besøk :D

Legg igjen ein fin tanke