I løpet av dei dagane me har vore her på Sunnmøre, har me både fått slappa av og gjort litt forskjellige ting. Må le litt av meg sjølv, for som vanleg tar eg mange bilete, så eg ligg etter både frå interrailturen og frå dagane hos svigers. Men eg har litt igjen av ferien og med det tid til å sortere bileta og etter kvart dele ein del av dei her. Allereie no i kveld kjem det fleire smakebitar på kva me har gjort denne veka (og spesielt i helga). Vêret har ikkje vist seg frå si beste side, men kjekke bøker og fleire koppar med kaffi har redda dagane. Nok skriving, eg lar lista tale for denne augustveka:
✦ sjarmerande og herleg leseoppleving frå Emily Henry, har likt alle hennar bøker så langt
✦ blåklokkene rett utanfor svigers si ytterdør, fulle av regndropar
✦ ete god lunsj på Geiranger bakeri, to gongar på to forskjellige plassar
✦ teste ut Ålesunds nye badeanlegg Bybadet, og me storkoste oss, eit kjempeflott anlegg
✦ kaffi og lesing på toget, fekk nemleg lese eit par sider sjølv om det blei mykje vindaugsnatur
✦ kjøleskapsmagnetar frå interrailturen, tihi, diggar sauen som eg kjøpte i Thirsk
✦ nytt nattogrute som gjer det mogleg å reise mellom Stockholm og London på ein dag
✦ knallgod hotellfrukost på Thon Hotel Opera etter nattoget
✦ starte veka og heile august med lesing ute på balkongen, for då var det faktisk litt sol
✦ å endeleg ta toget på Raumabanen, all den fine naturen rett utanfor togvindauget
✦ lese ei ny Mandy Baggot-bok med akkurat passe sommarstemning frå finaste Korfu
✦ i går var me på Devoldfabrikken og det var kjempestilig å sjå modellbanen Devoldbanen
✦ byrje å sjå The Sandman på Netflix i lag med mannen min
✦ koseleg å treffe svigers og han eine svogeren min igjen
✦ atmosfæren og kakene på Stolt Mat her på Sjøholt, dette er blitt vår nye stamkafé
✦ er du ved Devoldfabrikken, må du stikke innom Celsius Glass Studio – alle formane og fargane!
✦ alltid like gøy å stikke innom bruktbutikken Kyrkjetorget
✦ strikke og sjå på ein serie
✦ regn på ruta, då er det godt med kaffi i ein favorittkopp og eit varmt ullpledd
3 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så fin blogg du har!
Den fine favorittkoppen (med flere) er sjølsagt kjøpt på Kyrkjetorget :-) Mye fint å finne der. Håper dere sover godt på nattoget fra Oslo, og kommer friske og utkvilte heim i morra. Takk for besøket!
Kyrkjetorget har veldig mykje bra om ein berre leitar litt ;) Me fekk ikkje beste søvnen på nattoget, men dei to andre togturane var i alle fall veldig fine! Satsar på betre vêr neste gong me kjem på besøk :D
Legg igjen ein fin tanke