9. aug. 2022

The Mousetrap


I oktober er det sytti år sidan The Mousetrap hadde premiere i London. Sytti år sidan publikum blei overraska over handlingsvrien (aka. plot twist), og i sytti år har publikum måtte love å ikkje røpe slutten. Endeleg fekk me sett den, skodespelet som – om ein ser bort frå dei månadane dei måtte halde stengt på grunn av pandemien – har rekorden for den forestillinga i verda som har gått lengst kontinuerleg utan stopp! Richard Attenborough var ein av skodespelarane som var med i den opprinnelege West End-oppsettinga, kor stilig er ikkje det?! Måtte ta bilete frå utsida av teateret både før me gjekk inn og etter at me gjekk ut, for det var litt ekstra tøft med neonlysa. Kjøpte (så klart) programmet, og det er gøy å sjå gamle utklipp frå aviser om skodespelet.





Premieren i 1952 var på Theatre Royal, Nottingham. Fyrst i 1974 blei det flytta dit det er i dag, til St. Martin's Theatre i West End. For eit vakkert teater med ein eldre stil og raudt sceneteppe. I inngangspartiet kan ein sjå kva nummer i rekka forestillinga er: me var på forestilling nummer 28 742! Eg har lese boka som teateret er basert på fleire gongar og visste dimed kven mordaren var, men likevel, eg storkoste meg! Boka var forresten i si tid basert på eit radiodrama. Og så klarte mannen min å gjette kven skurken var før det heile blei avslørt, tihi! Ikkje så langt unna teateret, finn ein Agatha Christie-monumentet som blei avduka for ti år sidan. Litt vanskeleg å sjå sidan det var mørkt, men det er forma som ei bok og har karakterar som Poirot og miss Marple graverte inn på monumentet. Som den Christie-fanen eg er, var dette utruleg stas å få oppleve!

Legg igjen ein fin tanke