17. aug. 2022

Draumehelg på hytta

 
Kom opp til hytta rett rundt ti laurdagsmorgon. Broremann, min fine og eg hadde med oss gode rundstykker frå bakeriet på Brustadbua (dei som veit, dei veit). Sola skein som aldri før, og vel framme åt me ein supergod frukost i lag med mamma og pappa ute på terrassen. For ein kanonbra start på dagen! Sidan sat i alle fall eg ute ei stund med ei bok i fanget, og strikking blei det også tid til. Bergknappmatta og steinhellene opp til hyttas hovudinngang, eg blei plutseleg sitjande ei stund og berre sjå på skogsfargane som fekk ein ekstra glød av det varme sollyset.
 



Og når det var så varmt, måtte me jo teste badetemperaturen. Mamma og pappa rodde ut for å komme seg til mammas badeplass – du kan så vidt sjå dei ro i bakgrunnen – medan mannen min og eg gjorde det enkelt og bada rett ved hytta. Tihi, kan vel ikkje påstå at min betre halvdel var uti lenge, men han dukka no hovudet i alle fall. Eg la på svøm og syntest det var kjempeherleg.


Innmellom måtte me ta ein solpause, og då blei det kaffi i favoritthyttekoppen, lesing i ei av bøkene eg hadde med, mykje quiz og ikkje minst latterkrampe då me alle fem spelte "Kokkelimonke" på kvelden. Til middag lagte me to variantar av vegetarpizza, og framleis var det sommartemperatur ute slik at me også åt pizzaen ute på terrassen. Ein ordentleg draumehelg på hytta.

Legg igjen ein fin tanke