15. aug. 2022

Castell y Gelli






To tog og ein humpete busstur. Frå London gjekk ferda vår vidare til Hay-on-Wye, ein grenseby sør-aust i Wales. Det går ikkje tog dit, dimed blei det fyrst tog frå Paddington til Newport, så Newport til Hereford og buss siste biten frå Hereford til Hay-on-Wye. Kjem ikkje til å gløyme den bussturen med det fyrste, for det var ordentleg Postmann Pat-landskap, tihi. Byen me skulle besøke er kjent for sine mange (og då meiner eg mange) antikvariat og bokbutikkar, og eg har lenge hatt den på lista over plassar eg ville besøke. Berre sjå så koseleg by! Iskaffi og crêpe gjorde godt i varmen. Små vimplar, eit knallfint klokketårn og så artig å prøve å lese walisisk på skilta overalt, til dømes på postkontoret. Jaggu meg var det marknadsdag den dagen me var i byen, koseleg å traske rundt og berre sjå. Likte særskilt godt all den flotte keramikken til TH Pottery. Skulle hatt plass i bagasjen ;)
 


 
Utsikta frå slottet var upåklageleg. Grøne tre, gule enger og ein superkoseleg by!


Og her er slottet. Hay Castle, eller Castell y Gelli som det heiter på walisisk. Konstruksjonen av slottet byrja på 11-1200-talet av normannarane og har ei lang og turbulent historie med brannar og krig, fleire påbyggingar og etter kvart ein privat heim. Sidan 2011 er det Hay Castle Trust som eig bygget, og etter ein større restaurering, opna det for publikum i mai i år. Artig tilfeldig at det opna berre eit par månadar før me var der. Inne kan ein lese om slottets forskjellige epokar, det er ein liten butikk og kafé der, og me møtte ein veldig hyggeleg og engasjert guide. Tok ikkje bilete, men i kjellaren har dei laga til ein animasjonsvideo om slottet som blir spelt av på murveggen. Veldig stilig! Slottet var berre ein liten del av byen, for det var alle bøkene som verkeleg var målet.

Legg igjen ein fin tanke