10. aug. 2022

Devoldfabrikken og Devoldbanen




Når me er hos svigers, er det eit par faste plassar me pleier å besøke, Devoldfabrikken er ein av dei. Fleire klesbutikkar med fokus på sport og fritid, ullplagg (hallo, det heiter jo Devold). og ein av butikkane som ligg der, har eg forelska meg i. Cornelia Skuggen driv glasblåseriet Celsius Glas Studio, og ho har så himla mykje fint – her finn du gåver til deg sjølv og til andre! Tidlegare har me kjøpt ein grøn ballong til å ha i kjøkkenvindauget og to små terrazzoskåler, eg kunne nok ha kjøpt dei alle saman, så flotte og fargerike. Me kjøpte no nye vassglas sidan to av dei me har i ein liknande stil har byrja å bli øydelagte, eg får vise dei seinare. Stakk også innom garnbutikken Spinneriet. Klarte å la vere å kjøpe meir garn sidan eg enno held på med strikkeprosjekt som må bli ferdige fyrst, men dei har i alle fall mange garnkvalitetar i forskjellige fargar og eit stort utval.




I år var me ute på fabrikken på ein laurdag, og då fekk me endeleg sjansen til å sjå Devoldbanen. Banen er ein modelljernbane der ivrige entusiastar driv på og bygg det som til no er Noregs største modelljernbane. Alt så smått, så smått og samstundes ganske livaktig. Fossar og bruer, bittesmå hus og menneske og tog som går i forskjellige ruter. Lyset skiftar slik at ein får oppleve både morgon, dag, kveld og natt. Både han fine og eg blei ståande og prøve å få med oss alle detaljane.


Ein liten videosnutt for å prøve å fange stemninga. Viss du ser det siste klippet, kan du til og med få auge på ein syklist som syklar i Danmark. Modelljernbaneklubben Pensens Venner er dei som bygg dette stilige miniatyrmiljøet, og for kvar gong ein er på Devoldfabrikken på ein laurdag, kan ein oppdage noko nytt: dei er nemleg ikkje ferdige og det kjem stadig nye togruter og landskap på plass. 

Legg igjen ein fin tanke