8. aug. 2022

Ein dag i London


Under kanalen. Startar veka med å ta ein titt på neste del av togferien. Etter å ha vore fleire timar på teikneseriemuseet i Brussel, stakk me etter kvart til hovudtogstajonen i byen. Fann Eurostar-terminalen, sjekka inn og sat der ei stund og las. Toget skulle gå rett før kl. seks om kvelden, og me var framme i London klokka sju – toget tar to timar, men me ligg jo ein time foran England og dimed fekk me ein time. Den kvelden var det berre å finne hotellet og sidan komme til ro. Onsdagen kom, og det var varmt i byen. Me hadde ingen plan før utpå kvelden og orka ikkje å lage ein heller. Men hotellet låg rett ved Kensington Gardens, så etter frukost, gjekk me dit, sat på graset i skuggen og las. Såg plutseleg den kongelege hestevogna og det var gjess og duer overalt ved dammen.




Ekorna i parken er ikkje særskilt redde for folk, og fleire av dei hoppa bortover graset og opp i trea. Så spretne og leikne og innmari søte. Med bustete hale og søte øyrer, nysgjerrige der dei turar fram.






Veit ikkje kor lenge me sat i parken, det er heller ikkje så viktig. Utpå ettermiddagen tok me T-banen til ein nydeleg papir- og kontorbutikk i tillegg til bokbutikken Waterstones Piccadilly. Der hadde dei nemleg ei lita utstilling henta frå Heartstopper-serien, nærmare bestemt Charlies soverom. Stilig! Såg også ei anna utstilling frå ei av mine favorittbøker (som no har blitt film): Where the Crawdads Sing. Klassikarar med flotte omslag hadde dei også. Enkel og god pzza til middag, og me delte eit stykke tiramisu til dessert. Til slutt det einaste me hadde på timeplanen: Agatha Christies The Mousetrap på teateret. Den opplevinga kjem i eit eige blogginnlegg, for det var supergøy!

Legg igjen ein fin tanke