21. aug. 2022

Snart i gong med nye rutinar




Augustdagar som har gått i kvarandre, den eine dagen har berre glidd over i den andre. Fyrst slutta eg jo i svømmehallen, sidan var me tre veker på togtur, ein tur opp til svigers (også det med tog), ei draumehelg på hytta og mange fridagar. Med andre ord har det vore lite rutinar, og sjølv om eg grugleder meg veldig til å starte i den nye jobben i morgon, kjenner eg det skal bli bra med kvardag igjen. Eg er også spent på korleis det blir med ein lengre reiseveg enn det eg har hatt før – no blir det buss og tog – men satsar på å lese litt til og frå jobb. Det går seg vel til. Mykje lesing og strikking denne veka også, samstundes har me vore litt sosiale og hatt fuglebesøk av kulaste Zalo. Er han ikkje søt?! Som vanleg har eg ein god del å dele med dykk også denne sundagskvelden:
 
treffe nokre venar måndagskveld før dei skulle reise vidare, kjempekoseleg start på veka 
så herleg og nydeleg bok om bøker og kjærleik av Veronica Henry
Folio Societys utgåver av Agatha Christie-romanar – så mange stilige versjonar av bøkene hennar 
balkonglesing med lanterne og pledd om seinsommarkveldane 
ta fram trombonen og byrje å spele igjen, orkesterøvingene startar om berre ei dryg veke
høyre gjennom heile Chess på norsk-albumet på Spotify (og som sagt: eg kjenner trommisen!)
Only Murders in the Building på Disney+, artig komikrimserie
såg også nokre andre venar tysdagskveld då me var ein tur heime på Sola
speler sjeldan dataspel, men dette Mummispelet trur eg at eg må prøve når det kjem neste år 
kaffi og prat ein times tid med mamma og pappa tidlegare i dag
lufte tankane og bevege kroppen med ein liten tur i nærområdet då det var solskin i går
glimt frå ein ferie i Lofoten inne hos Et katteliv, berre sjå her og her, Ida har fanga så mykje fint
alltid litt stas når ein forfattar deler eit av mine bokbilete, denne gongen var det Mandy Baggot
sanne ord om brukte bøker, eit lite minne frå Greenway House
sommarstemning i den nyaste vloggen frå Jonna
Douglas Stuart har gjort det igjen med Unge Mungo, for ei rå og tøff oppvekstroman
å sjå eit piggsvin då me sykla heim frå byen måndagskveld
sjette episode av The Sandman, for ein rørande, nydeleg og samstundes kul episode
strikketid og litt lesing over ein kopp kaffi 
berre sjå denne bittelille katten som får bli med eit flott menneske heim
trur Zalo synest frukosten er dagens høgdepunkt ;)

Legg igjen ein fin tanke