14. aug. 2022

Fire bøker, to strikkeprosjekt og ei finfin helg




Trur ikkje eg er den einaste som av og til kjenner at helga går litt for fort. Og denne helga var sånn, med strålande vêr, fjellro og fine folk oppe på hytta, kunne ha vore der endå eit par dagar. Starta jo veka på Sunnmøre, men det var berre så vidt sidan me brukte heile måndagen på å komme oss heim til Stavanger igjen. Kom heim tidleg tysdag (nattoget frå Oslo måndagskveld), og sidan har det gått i lesing, husarbeid, pakke ut, strikke og pakke igjen. Måtte jo pakke nokre ting, som klede og bøker, for ei lita helg på hytta. Å, eg har så mykje å blogge om (eg veit, eg skriv det nesten kav rgong, men eg meiner det), og eg veit nesten ikkje kor eg skal byrje. Eller jo, aller fyrst kjem ei ny sundagsliste:
 
lese ut Christie-boka Mot ukjent mål, ei annleis krimbok, meir som ein spionroman
og ein referanse til Agatha Christies bøker i den fyrste episoden i sesong seks av Grantchester
balkonglesing fleire av dagane
søtaste kalven med det søtaste rautet hos Knuckle Bump Farms
SJ Norge som delte to av bileta mine på Instagram
stilig golvteppe
heilt enormt med klippestup frå operataket!
blå vinterstrikk og lesebrettet foran meg medan me venta på eit av toga
søt julepynt som me kjøpte i England
grøn feriestrikk og nokre boksider innimellom
"Norge står igjen på perrongen" – kronikk om dårleg informasjon angåande togtilbodet i Noreg
som eg digga å lese Social Queue av Kay Kerr, gleder meg til å lese fleire bøker av Kerr
Staying Out for the Summer, endå ei herleg sommarbok frå Korfu skriven av Mandy Baggot
Alicia som i dette innlegget skriv om korleis det å brodere porselensdyr plutseleg blei eit prosjekt
kaffi, kanelbolle og lesing om bord på toget
å reise med Raumabanen også på veg heim – den  ville og vakre norske naturen!
draumehelg på hytta med utefrukost, quiz, lesing, strikking og bading
midnattssola som Ida har fanga, både med bilete og tekst, her
slutten av boka The No-Show av Beth O'Leary, både fin og rørande samstundes
solnedgang over Oslo, sett frå Oslo S då me venta på nattoget måndagskveld

Legg igjen ein fin tanke