12. aug. 2022

Frå ein regndag på Sunnmøre


God fredag, folkens. Her går det for det meste i lesing og strikking, for min del er det framleis ferie. Byrjar i den nye jobben om halvanna veke, så eg nyt dei siste dagane av sommaren som best eg kan. Litt husarbeid innimellom og sit enno og sorterer bilete frå ferien vår. Dagane på Sunnmøre var prega av mykje gråvêr, så det blei for det meste inneaktivitetar som, jepp, du gjetta riktig, lesing og strikking. Me koste oss med ein serie, og ein dag spelte me "LetraMix" (eg vann). Kafé og bruktbutikk blei det jo også, eg kjem til å tipse om dei seinare. Trass gråvêr – utsikta er det aldri noko å seie på. Fjorden i horisonten og lyset over fjella når det ikkje lenger er dag. Og regndropane på blåklokkene og graset rett utanfør sviger si ytterdør. Sånt som er fint ein regndag på Sunnmøre.

Legg igjen ein fin tanke