4. aug. 2022

Teikneseriemuseum i Belgias hovudstad



 

Framleis ferie for vår del, og tysdagskveld tok me nattoget til Oslo. Kom fram halv åtte om morgonen i går, men der blei me berre for ein (god hotell)frukost før togturen gjekk vidare til Lillehammer. Fra Lillehammer til Åndalsnes og siste turen på buss frå Åndalsnes til Sjøholt. Med andre ord: akkurat no er me hos svigers. I dag har me tatt det heilt med ro, trur det gjorde godt etter den reisedagen me hadde i går. Bileta i dette innlegget er blitt nokre veker gamle allereie, for dei er frå teikneseriemuseet i Brussel. Toget vårt til London gjekk ikkje før nærmare seks om kvelden, så me hadde god tid i byen. Ei veninne av meg som tidlegare har budd i Brussel, tipsa oss om dette museet, og her var det mykje stilig. Lærte meir om teikneseriens historie, om korleis dei blir til (frå skisse til ein heil serie), om ulike sjangrar og om forskjellige teiknarar og historieskaparar.
 









Hi, hi, Smurfane, altså! Måtte smile breitt då eg såg eit miniutstilling med Smurfeorkesterøving ;) Elles var det fokus på Marc Sleen, ein kjent belgisk teikneserieskapar, me såg tidlege teikningar av Sprint (eller Spirou som han heiter på fransk, laga av Robert Veler) og ein byste av Tintin (som forøvrig har eit eige museum eit godt stykke utanfor byen). Elles hadde museet også eit bibliotek, og der inne var det heilt stille, ein liten pust i bakken medan me las kvar vår Tintin-bok på fransk. Okei, men skjønte ikkje alle orda, men konteksten og teikningane fekk me med oss. Åt ein varm lunsj der også før me etter kvart kom oss til togstasjonen og sjekka inn på Eurostar-terminalen.

Legg igjen ein fin tanke