19. aug. 2022

Bra overnatting i ein grenseby




Fem veker, på dagen, sidan desse bileta blei tekne. Å, kvifor går ferien så fort? Som eg skreiv tidlegare, kunne eg utan problem ha vore i Hay-on-Wye endå fleire dagar, berre slappe av og nyte det å vere blant ein haug med bøker. Me budde på pubhotellet Kilverts, og for eit flott rom! Badet var stilig og atmosfæren nede i den lille fellesstova var kjempekoseleg. Litt enkel matservering i puben, men elles var det ein finfin plass å bu. Koselege hundar ved bakgangen og eit lite bed fullt av fargerike markblomar, det kan me like. Hay-on-Wye, byen for alle som elskar bøker!

Legg igjen ein fin tanke