19. aug. 2022

Hay-on-Wye, bøkenes by 📚




Om ikkje den aller fyrste, så er Hay-on-Wye i Wales ein av dei fyrste såkalla bokbyene. I Noreg har me to, ein i Fjærland og ein i Tvedestrand. Det som kjenneteiknar slike plassar, er fokuset på bokbutikkar og ikkje minst antikvariat. Det var bokseljaren Richard Booth – "King of Hay" – som på 60-talet starta det heile med sin bokbutikk The Old Fire Station. Ein årleg litteraturfestival finn ein også i byen. Fargerike bøker på utstilling i eit fargerikt vindu, ei gangbru på Hereford togstasjon, den nærmaste togstasjonen før me måtte bytte frå tog til buss, og koselege og fargerike hus.




Tenk om alle notane våre i orkesteret såg slik ut, med fargerike mønster og sterke fargar. Stilig! Gamle bøker overalt, i butikk etter butikk, antikvariat etter antikvariat. Å sitje i ein god stol blant alle bøkene, titte i ein favorittbok (som eg enda med å kjøpe) og berre vere der, i den koselege byen...sukk. Her fann me verkeleg ferieroa. Lukta av alle dei gamle bøkene, bøker som har ei historie, eit levd liv, som andre bokelskarar har lese, eg kunne ha vore der lenge.


Få bilete av bøkene, tenkjer du kanskje. Av og til er det nok å berre gå og sjå, oppleve det der og då utan å sjå alt gjennom kameralinsa. Men eg håper ein likevel kan få eit inntrykk av stemninga i Hay-on-Wye. Stilig namn på ein bokbutikk (mon tru om det er mange krimbøker når ein går inn døra, kva trur du?!), gamle bilar og mopedar, til dømes ein bil som gjekk heilt i eitt med den eine butikken og det varme sollyset på blomekassene om kvelden. Sommarkveld i ein ekte bokby

Legg igjen ein fin tanke