11. aug. 2022

Kule handlenett, sauar og andre små suvenirar



God plass i bagasjen hadde me ikkje når me var på interrail; me prøvde jo å reise lett nettopp med tanke på at me skulle av og på fleire tog, av og til fleire gongar om dagen. Men litt plass øvst i sekken hadde me, og det blei med oss eit par ting og suvenirar då me sette snuten heimover. To kule handlenett, eit med søte sauar og eit med ei Agatha Christie-bok. Knallfine sokkar (altså, kven kan gå forbi sokkar med piggsvin- eller lundefuglmotiv?!). Tre små ting til å hengje på eit juletre eller ei julegrein – likte veldig godt den lille keramikksoppen frå TH Pottery som eg fann på ein marknad i Hay-on-Wye. Kjøleskapsmagnetar og ein liten nålefiltpingvin blei det også. I Kendal budde me på koselege Lyndhurst Guest House, og ho som driv det, lurte på om me hadde blitt "sheeped out" i løpet av våre dagar i Yorkshire Dales og Lake District. Svaret på det var "nei", og med oss heim blei det med ein liten glassau og to små, mjuke sauar – ein som skal stå i hylla og ein til kjøleskapet – og dei passar godt i lag med sauen frå Gotland. Så klart blei det ein haug med postkort til postkortboka og nokre fleire pins til samlinga mi. Og eg er glad det framleis er sommar enno, men denne lille saken der Peter Kanin pyntar til jul, kjem til å bli kjempefin pynt når desember kjem.

Legg igjen ein fin tanke