2. aug. 2019

Vink til ein ny månad v8

Fredag, helg og ferie. I morgon fyk me nemleg av garde, med tog, til Oslo og så Stockholm. Kjenner at det skal bli godt med litt fri etter å ha jobba fem veker med eit slikt rart skift. Denne veka har vore kjekk og sosial, for eg har treft fine folk før jobb på tysdag og i går og etter jobb på onsdag. Og plutseleg er det no ferie. Stakk ein tur innom Mosvatnet etter jobben i dag. August er her og eg tok månadens lille "hei"-bilete. Må nesten le litt, for den slitte, blå benken blir flytta på frå månad til månad, og det er jaggu meg den største forskjellen! Jo, det er kanskje endå litt fleire gjestar på campingen no enn i byrjinga av juli. Me skal tidleg opp i morgon, så eg får gå tilbake til pakkinga.

Legg igjen ein fin tanke