26. aug. 2019

Spilhammars camping

Sommaren er tilbake, i alle fall no i dag. Sola har stått høgt på himmelen, og eg har kost meg ute på balkongen med ei bok og to. Startar elles denne siste augustveka med eit blogginnlegg om Spilhammars camping i Mariannelund, ikkje langt unna Vimmerby. Me leigde bil i Stockholm som me hadde resten av ferien, og køyrde fyrst til Kolmården djurpark. Tok altfor mange bilete der, så eg får heller komme tilbake til den feriedagen noko seinare ;) Etter å ha vore der i mange timar, køyrde me til campingen, og der me budde me i ei slags tønnehytte. Som mannen min sa: "me har lagra oss sjølve på fat"! Kjempekoseleg, lite campinghytte med akkurat plass til to sengar, eit lite bord og ein bitteliten kjøkkenkrok. Det var ikkje innlagt vatn i hytta, men det var ikkje langt til felleskjøkkenet der me henta vatn i ein vatndunk. Laga oss god frukost inne i hytta begge morgonane, fekk vaska tøy inne på vaskerommet og berre tok det heilt med ro. Campingen ligg like ved eit lite vatn, og hadde det vore noko varmare i lufta, hadde eg garantert hoppa uti ;)


Knallblå himmel og piskande regn, dei dagane me var i Småland, opplevde me det meste på vêrfronten. Me køyrde langs skogar og ein veg som har namnet "Utflyktsvägen". Og det var jo nettopp det me var ute på: ute på utflukt og nye eventyr. Mellom Kolmården og Mariannelund byrja det plutseleg å bøtte ned, sånn ordentleg bøttande og piskande regn. Vindaugsviskarane gjekk i eitt. Ei lita stund var det som å køyre i ein grå gugge, sikta var dårleg og me høyrde nesten ingenting anna enn regnet. Heldigvis varte det ikkje så altfor lenge, og eg fekk fanga den stemninga rett etter uvêret på biletet over: sola som så vidt skin gjennom den mørke skya.


I nærleiken av campingen går det nokre fine turstiar gjennom skogen. Me hadde tatt med oss gode joggesko og skift med turklede, dimed blei det tur ute i skogen den eine kvelden. Kveldslyset mellom trea og ned på lyngen var så gyllen og varm. Å gå på ein sti gjennom ein slik skog. Lyngen og mosen låg tjukk overalt, og lukta av skog følgde oss heile vegen. Likte oss godt ved denne campingplassen som hadde greie fasilitetar i tillegg til ei knallfin plassering nær både vatn og skog.

Legg igjen ein fin tanke