29. aug. 2019

Og eit besøk på Katthult

I fjor var det Anne of Green Gables, i år Astrid Lindgren. Ikkje veldig vanskeleg å sjå kor desse bileta er frå, trur dei fleste av oss kjenner igjen trefigurane, eller kva?! Dagen etter at me besøkte Astrid Lindgrens Näs og Bullerbyn, var turen komme til Katthult. Rydda ut av campinghytta og køyrde berre i fem minutt før me var framme. Det var her i den lille bygda Gibberyd at dei fann den perfekte lokasjonen då dei skulle byrja å filme bøkene om Emil og alle dei andre i Katthult, Lønneberget. Ingen Ida i flaggstanga, men ein kunne nesten høyre "Eeeemiiiil!" medan me gjekk rundt på tunet. Spesielt kult var det å få sett snikkarbua; sjå det handverket, og så mange av dei!


Sidan slutten av 1800-talet er det den same familien som har eigd, og framleis eig, garden der filmane blei spelt inn. Lite visste dei at filmane kom til å bli så populære at turistane ønskja å besøke garden mange tiår etterpå. I hovudhuset, akkurat som i Bullerbyn, bur det folk, men resten av garden og tunet kan ein gå rundt på, titte, lese om bygga og om filmane og ein kan til og med få klappe dyr. Griseknoen var der (eg kan vel seie tre Griseknoar), flotte hestar og ein søt kanin.


Drängstugan er open for publikum og det er som å gå inn i ei anna tid. Rutete gardiner og den gamle lampa i taket, broderi på veggen, den gamle klokka og ei skjorte. Ei skjorte som Alfred antakeleg brukte. Og så måtte eg le litt då eg såg pølsefella i varggropen, ha, ha! Herleg detalj!


Handverk kunne me også sjå av alle dei gamle gjerda, akkurat som i Bullerbyn. Og dei raude husa og den gamle kjerra, dei har verkeleg laga det fint til og klart å halde det vedlike. Småland er eit nydeleg område, og eg er verkeleg svak for dei små husa, mange av dei måla raudt. Me drog ikkje innom Astrid Lindgrens värld midt i Vimmerby, men eg synest Näs, Bullerbyn og Katthult er tre kjempefine plassar å besøke for alle som har vakse opp med bøkene og filmane til Lindgren.

Legg igjen ein fin tanke