19. aug. 2019

Stavanger-Oslo-Stockholm med tog

Måndag er nesten over og den fyrste jobbdagen etter ferien likeså. Litt tungt å stå opp i dag, men det gjekk på eit vis. Ikkje så mykje nytt å fortelje sidan i går, så difor tar eg heller og deler nokre bilete frå togturen vår på veg til Sverige. Eller, det blei jo to togturar: ein frå Stavanger til Oslo og ein frå Oslo til Stockholm. Toget gjekk før klokka sju om morgonen og me fekk oppleve ei mystisk og magisk tåke. Sånn ordentleg morgontåke som låg lågt nede ved graset, som etter kvart steig opp mot fjella og til slutt forsvann heilt. Ute låg vatna stille, så stille og me berre suste forbi.


Ofte pleier me å ha med oss kaffi på termos, men me prøvde å ikkje ta med oss alt mogleg rart på tur, og då blei det kaffi frå kafévogna. Liker godt den "Omtanke i ein kopp"-koppen (sjølv om den heng igjen frå då dei heitte NSB og ikkje Vy). Togskjenene og alt det grøne langs grøftekanten. Sukk. Eg veit det, mykje av dette har eg skrive før, men det er så behageleg å reise med toget.


Vel framme i Oslo hadde me to og ein halv time før neste tog skulle gå. Me fann ein plass der me åt middag og drakk ein kopp med latte før det var på tide å finne toget. Ikkje noko klimaanlegg på toget og det blei ganske varmt; ute var det i alle fall tjuefem gradar. Bortsett frå det gjekk turen fint og me fekk nyte ein heilt nydeleg solnedgang! Klokka var nærmare halv tolv om natta då me var komme oss fram til Stockholm, så då var det berre å finne hotellet og komme oss i seng.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så fine og stemningsfulle bilder Silje ;) Og tog er virkelig den beste måten å reise på! Jeg skulle bare ønske vi hadde tog her nord...

Silje sa...

Skjønner deg veldig godt, er takksam for me at har moglegheita, for togdekninga i Noreg er ikkje den aller beste... Uansett, takk for finfin kommentar, Ida! Alltid like hyggeleg å høyre frå deg <3

Legg igjen ein fin tanke