7. aug. 2019

Barnebokillustratør på Millesgården

Rett utanfor Stockholm sentrum, berre ein T-banetur unna (og så eit stopp med bussen og ti minutt til fots) ligg Millesgården. Kunstnarheimen blei bygd i 1908 av skulptøren Carl Milles og hans kone Olga Milles, som også var kunstnar. Eg hugsar ikkje heilt korleis eg kom fram til staden, men då eg såg at dei hadde ei Lena Anderson-utstilling, fann eg ut at den måtte me prøve å få med oss. Lena Anderson er ein svensk barnebokforfattar og illustratør, og for min del er det fyrst og fremst boka Majas alfabet som vekkjer barndomsminne. Denne boka hadde me heime, eg las den fleire gongar og eg hugsar dei flotte illustrasjonane som om det var i går. Veldig fin utstilling med originale skisser og store trykk på veggane, akkurat passe info ved sidan av bileta og utdrag frå bøkene hennar, mange av dei på rim og med nydeleg handskrift. Glad for at me tok turen ut til Lidingö!

Legg igjen ein fin tanke