4. aug. 2019

Sosial veke og starten på ferien

Hallo, hallo frå Stockholm! Starta ferien vår med å ta toget til Oslo ti på sju tidleg i går, og var framme i Stokholm halv tolv. Med andre ord blei det ein lang reisedag, men alt gjekk etter planen, me hadde god tid mellom dei to toga og åt difor ein betre middag på ein restaurant i Østbanehallen. Og me liker jo å reise med tog, så sjølv om det er ei lang reise, kan det godt hende me gjer det igjen. Sov godt i natt, og i dag har me gått litt rundt i byen, me har vore innom nokre butikkar og ein marknad, ete god hotellfrukost og ein like god lunsj på ein koseleg kafé og elles berre tatt det "heilt piano". For no er det ferie, me har senka skuldrene og har eit lågt tempo. Eg har hatt ei grei veke på jobb, og som nemnt var det sosiale dagar, sånn utanom jobb, både tysdag, onsdag og torsdag. Veldig kjekt og koseleg! Me er ikkje på ferie for at eg skal blogge, så eg tenkjer eg postar eit par bilete innimellom når eg kan og når eg ønskjer det. Men ei sundagsliste har eg no fått skrive:

✦ språket til Jón Kalman Stefánsson, no sist i boka Historien om Ásta
✦ skodespelarane frå Good Omens responderer på artige kommentarar frå sjåarar
✦ ein så varm og gyllen soloppgang på veg til jobben
✦ og endå ein angåande Good Omens: "Neil Gamian Loves Bad Reviews From Certain People"
✦ lunsjdate med to gode veninner på Steam midt i sentrum
✦ ho eine veninna mi og eg traska etterpå heim til leilegheita og prata endå meir der
✦ eg er jo Anne of Green Gables-fan og her fekk eg nokre gode tips til filmadaptasjonar
✦ barndomsminne når eg ser ein modna løvetann med dei dunete fnokka
✦ Rynae sitt bilete på Instagram av Anne of Windy Poplars
✦ besøke ein kollega ute på Hundvåg, sjå kjøkkenhagen hans, prate mykje og drikke god kaffi
✦ Det som reddes kan – rått skrive om fattigdom og ungdomstid i dagane rett før orkanen Katrina
✦ raude pandaer som leiker rundt og er utruleg søte
✦ ha eit venepar på besøk på lunsj før eg skulle på jobb på torsdag
✦ god hotellfrukost i ein finfin restaurant med grøne fliser på veggane
✦ nydeleg video frå Jonna og Johan sitt bryllaup
✦ stikke innom marknaden i Hornstull
✦ hi, hi, surikatar er jaggu meg søte dei også
✦ morgontåka då me tok Sørlandsbanen i går
✦ for nokre magiske bilete inne hos Et katteliv, frå Hoven og av midnattssola
✦ høge fjell og vakkert landskap langs togruta
✦ til slutt: generelt at me no har ferie!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Snille, gode Silje ♥ Atter en gang takk for at du deler. Håper dere koser dere på ferie, og at du tillater deg å ta fri fra bloggen. Det er så godt og viktig å få en liten pause ;) Ellers var det soloppgangbildet helt nydelig vakkert, bryllupsvideoen likeså, og jeg er helt enig med deg i at surikater er så søte ;) Ferieklem fra oss i kattelivet.

Silje sa...

Eg gjer det enkelt og seier tusen takk for den fine kommentaren med eit ♥ Klem frå ei campinghytte i Mariannelund!

Legg igjen ein fin tanke