18. aug. 2019

Dagar på Gotland og helga heime

Kom heim til Stavanger tidleg laurdag, og i morgon er det tilbake på jobb. Eg byrjar med morgonskiftet, og det kjem nok til å bli litt tungt dei fyrste dagane; å vere på jobb halv sju er ikkje det aller enklaste for ein person som ikkje er morgonfugl ;) Fram til torsdag var me på Gotland og me har verkeleg slappa av. Vêret har for det meste vore superfint, ein smak av sommar. Me har bada littegrann, lese mykje, ete god frukost, gått tur, opplevd den flotte naturen og til og med vore med på ein liten togtur der ute på øya. Som vanleg har eg tatt (litt for) mange bilete, og om de ikkje blir lei, vil det komme blogginnlegg frå Sverigeturen sånn utover seinsommaren og hausten. Akkurat no prøver me å gjere oss klare til kvardagen igjen, finne tilbake til rutinane. Men resten av kvelden skal me ta det heilt med ro, kanskje lese i ei god bok og dele ei sundagsliste igjen:

✦ hadde med meg lesebrettet på ferien, og las m.a. ut The Survivor's Guide to Family Happiness
✦ slappe av eit par timar kvar kveld med lesing
✦ liker godt ein del av veggane på t-bana i Stockholm, til dømes den på T-Centralen
✦ fyrste treningsdag for ein herleg, liten førarhund
✦ antikvariat i Stockholm – Antikvariat Verklighetsflykt – som hadde mange Christie-bøker
✦ hønene som traska rundt på tunet på Gula Hönan
✦ museumstoget Roma-Hesselby, der stasjonane var laga til så gammaldags og stilig
✦ ein artig skapning som er i slekt med trepiggsvin og som pratar som berre det
✦ brukte lang tid på There There av Tommy Orange, men den var likevel bra skriven
✦ hagen ved vertshuset der me budde dei dagane me var på Gotland
✦ å vere ute på nordspissen av øya, ute på Fårö og kjenne lukta av sjø og varm sand under føtene
✦ liker stadig innlegga inne hos Et katteliv, eit frå Lofoten og eit med mange, vakre peonar
✦ at det gjekk overraskande greitt å ta bussen i dryge sju timar for så å ta nattoget
✦ ny vlog inne hos Jonna med glimt frå bryllaupet og deira sommar
✦ den veldig gode frukosten på det same vertshuset
✦ alle sauane ute på Gotland, mange av dei grå eller svarte
✦ stikke innom fleire keramikkbutikkar og loppisar
✦ og til slutt: det var godt å komme heim igjen til senga vår :)

Legg igjen ein fin tanke