9. aug. 2019

Ute i ein skulpturpark

På denne lille veka har me fått opplevd så mykje utan å stresse. Akkurat no sit me på eit hotellrom i Västervik og i morgon går turen vidare med ferje til Gotland. Me har besøkt Fotografiska og Nobelmuseet, vore innom Kolmården djurpark, sett Astrid Lindgrens barndomsheim, sett Katthult og Bullerbyn (Bakkebygrenda), gått ein liten tur i dei svenske skogar, vore på togtur langs Nordens lengste smalspor og overnatta i ei tønne på ein campingplass. Som nemnt så får bilete og tekst komme litt etter litt dei neste vekene, men eg deler litt innimellom på Instagram. På måndag var me jo innom Millesgården, og etter å ha sett på Lena Anderson-utstillinga, traska me ut i den store hagen. For nokre skulpturar! Mange av dei veldig, veldig høge. Litt av eit område med både kunst og grøne tre. Også inne i kunstnarbustaden var det skulpturar i tillegg til eit orgel og nokre gamle fliser på veggen.


Ute blant alle dei store skultpturane, finst det også ein heil haug med mange fine og fargerike blomar. Me traska rundt, såg på dei og lukta på dei. Ordentleg sommar! Me fann oss etter kvart ein benk som me sette oss ned på for å kvile føtene ein liten augneblink. Tok fram kvar vår bok og las ei lita stund. For det er ferie og me hadde ikkje noko me skulle rekke etterpå. I dag har me slappa av med togtur i fire timar, og i morgon blir det ferjetur i snaue tre timar før me er framme på Gotland. No tenkjer eg det er på tide å seie "god natt", så sjåast me etter kvart!

Legg igjen ein fin tanke