14. aug. 2019

Astrid Lindgrens Näs

Siste kvelden vår på Gotland. I morgon drar me over til fastlandet igjen før turen heim startar midt på dagen på fredag. Veit ikkje om eg er klar til å ta fatt på kvardagen igjen, men det kjem seg vel etter kvart. No i kveld ønskjer eg å ta ei lite tilbakeblikk på barndomsheimen til Astrid Lindgren. I fjor var det Anne of Green Gables og Lucy Maud Montgomery, i år er det Lindgren. Barndomsheimen hennar ligg i Vimmerby, nærmare bestemt Näs. Her er det lagt til ein kjempefin plass med trädgård og kafé, museum, utstilling og guida tur i barndomsheimen. Me tok ikkje ein guida tur, men såg det likevel frå utsida medan det bøtta ned ute. Alt det grøne rundt var som ein liten park, og hadde vêret halde seg bra, hadde me tatt fram kvar vår bok og slappa av på ein benk. Men fint var det uansett ! I kaféen åt me god lunsj, så alt i alt var me veldig nøgde likevel.


Inne i museet gjekk me rundt og las mykje om bøkene til Lindgren, hennar liv, såg på flotte bilete og stilige diorama og las fine sitat som ho sjølv har sagt og andre som er tatt frå bøkene ho skreiv. Blant anna fekk me sjå Pippi-manuset som låg framme i eit monter, og det var stas å berre gå rundt og lære meir om Lindgren, både som forfattar og som person. Ein flott stad å besøke i Vimmerby!

Legg igjen ein fin tanke